Varsle Foto.no
Erfaringer
Asle F.
Konstruksjon:
Pris/ytelse:
Tilsynelatande billig.
Ledningen er laga slik at han går opp innved prismehuset, i staden for å gå rett ut til sides slik det meste av anna utstyr til Nikon si 10-pinns kontakt.
GPS'en har ein irriterande "inne-funksjon". Den fungerer slik at kamera får forrige posisjon dersom GPS'en ikkje er i stand til å berekne aktuell posisjon. Dette betyr at kamera viser GPS-symbolet som om GPS'en er klar, men posisjonen som kameraet får er kanskje ein dag gamal eller helst enno eldre.

GPS'en er usedvanleg treg til å finne fyrste posisjon etter oppstart. Sjølv etter ein omstart, brukar GPS'en halvannan minutt på å finne fyrste posisjon. Det betyr at dersom ein lar kamera slå seg av automatisk for å ikkje bruke opp batteriet på eit blunk, 10-20 sekund er vanleg innstilling for dette, så vil GPS'en aldri berekne ny posisjon. Kombinert med "inne-funksjonen" gjer dette at samtlige bilder får same posisjon. Og denne posisjonen er gjerne der ein i si tid slå på GPS'en fyrste gongen og var tålmodig nok til å la han få tid til å finne ein posisjon.

For at GPS'en i det heile skal fungere, må kamera vera aktivert heile tida. Ta i så fall med masse ekstra batteri.
GPS'en er ikkje verdt noko som helst. Styr unna.
Varsle Foto.no
Åpne uskalert versjon i eget vindu