Varsle Foto.no
Erfaringer
Asle F.
Konstruksjon:
Pris/ytelse:
Etter å ha testa teleconverteren i kombinasjon med 70-200mm/2,8 AFS VR og 300mm/2,8 AFI, er konklusjonen min at telekonverteren fungerer utmerka med desse objektiva. Zoomen må nok blendast ned eit trinn på lengste brennvidde, men det gjeld også utan konverteren.

På 70-200mm/2,8 fungerer denne konverteren betydeleg betre enn Kenko teleplus 1,4x, til tross for kraftigare telekonverter.

AF og eventuell VR fungerer også med telekonverteren.
Fungerer kun med AFS og AFI-objektiv. Ved å file av ein tapp i fatningen, kan konverteren setjast på enkelte andre objektiv. Men det fremste elementet på konverteren stikk litt framom fatningen, så konverteren vil uansett ikkje passe på alle objektiv (heller ikkje AFS-objektiv med kortare brennvidde). Eit objektiv som ikkje passar på ein modifisert versjon av telekonverteren er 180mm/2,8.

Det vanlege med 2 trinn lystap osv.
Dersom ein har behov for telekonverter, er dette det riktige valget. Og til tross for at eit lenger objektiv gjerne er det ideelle optisk, er ikkje det alltid aktuelt, hverken pga pris eller storleik og vekt.

Eksempelet mitt er at eg allereie har 300mm/2,8. Ein 600mm/4, har eg ikkje råd til, og ikkje lyst til å bera med meg. 600mm/5,6 er heller ikkje aktuelt, men med denne telekonverteren, så har eg plutseleg ein heilt brukbar 600mm/5,6.
Varsle Foto.no
Åpne uskalert versjon i eget vindu