Svein Ø.
Når eg skriv ut bilde på min Epson Surecolor P600, brukar eg andre papir enn dei forslaga som kjem opp på skjermen, som er Epsons eigne papir. Eg brukar innstillinga "Glossy photo paper", og det fungerer fint. Så vil eg prøve eit nyinnkjøpt Canson Infinity "Baryta Photographique", og forstår at eg bør skaffe meg den rette ICC-profilen, som eg greier å laste ned frå Cansons nettstad, og til og med lykkast med å få plassert på rett stad i Windows 10 på PC-en. Så møter eg problemet: Korleis får eg opp "Baryta Photographique" som val på skrivaren, og kva gjer eg for at skrivaren skal finne fram til ICC-profilen eg greidde å plassere på det eg forstår må vere rett plass på PC-en? Dette er sikkert elementært for mange, men ei utfordring over mine åndsevner - iallfall til eg får overberande hjelp frå snille gutar eller jenter på nettet.
Vennleg helsing
Svein Øye.
#1
#1
John Petter E.
Hvis du bruker f.eks Epson Print Layout til å skrive ut fra,velger du icc profilen i programmet. Du vil ikke se profilen på skriver skjermen hvis jeg husker rett.
Synes det er et greit progam å bruke når man har fått satt seg inn i instillingene.
Her er en link til nedlasting hvis du ikke har det allerede.

http://www.epson.no/apps-software/epson-print-layout
Svein Ø.
Takk for hyggeleg svar! Eg plar skrive ut frå Photoshop (gamal versjon, CS2). Kva er prosedyren der?
John Petter E.
Svein Ø skrev:
Takk for hyggeleg svar! Eg plar skrive ut frå Photoshop (gamal versjon, CS2). Kva er prosedyren der?


Har ikke brukt photoshop,men i lightroom velger jeg profil under Color Management i print modulen.


Åpne uskalert versjon i eget vindu