SMS ved reisens slutt. Eller: Tre fruer ved fullmåne
«E' du steikje tulen, du?» Seier han Io, alias Heimdall, og set augene i kallen, «gjeng du på fullmånetur med tre damer?»
Io/Heimdall, stakkar, han er i tidlegpuberteten, og enda lykkeleg uvitande om at det er dit han kjem... han kjem ikkje lengre... før ballefall.
«Jamen....» freister eg... «Det er da motbakke heile vegen... eg og motbakkar i januar, veit du...»
«Du ser ut som ein motbakke, du»
«Ja. det er ribba det»
«For meg ser det ut som juleribba har lagt seg like under ribbebeina dine, og forresten; når dei snakkar om sikspækk på tv, så er det ikkje tallause sekspakningar med juleøl dei meiner!»
«Det er jo derfor... og dessutan, tallause var dei no ikkje, det vel berre to?»

Jauda, det var difor eg fullmånenatta i januar tenkte at eg skulle dra med meg tre nabofruer på fjelltur.

«Dra med deg du, liksom... ditt drog!»
«Å, hald no kjeften din, Io! No skal Kallen sjølv fortelje kva som hende, eller rettare... ikkje hende – din flåkjeft av ei katteskinn!»

Det er rett det, det vart ikkje slik at eg drog med meg nokon... det vart tvert om eg eg som kom halsande som ein astmatisk gamalsabb oppigjennom brattlendet, med ho Solfrid Penneførar som ei lysande stjerne i det fjerne.

«Hugsar du ho som fortalde om da dei var på firmatur til Skotet?»
«Jau, eg trur eg veit kva for ein firmatur du meiner, Io. Det var den gang da unge Ingvild dreiv staden, og ein overmotig femtiåring prøvde å halde tritt med den lettbeinte fjellgeita.... han vart liggjande han... stakkar, dei vurderte visstnok å ringje etter helikopter for han.»

Eg følte det litt slik, eg og, ja... Bakkane var så uendeleg lange denne gangen, og Solfrid som nyttar tida mellom trimturar og arbeid til å gå tur, ho la slett ikkje merke til alle dei stadene der det var naturleg å pause, så vi andre vi måtte prøve så godt vi kunne å halde følge.
Men det var verdt turen. Det var ei utruleg månenatt... berre synd at batteriet i kameraet var tomt og reservebatteria låg i den sekken eg ikkje tok med...

Eg lærte i allefall tre ting: Kom deg ut i månenatta, Gå litt jamnare på tur.... og gløym for @£$¡£@ ikkje resrvebatteria i andre sekken!

Eg fekk eit einaste bilete på toppen før kameraet slo seg av for godt... det er dei tre damene som sender SMS ved reisens slutt. Eg klarte ikkje å få med månen som hadde klatra himmelhøgt... men den var der, det er sant... den var det.

Tusen takk for tur!
Utstyr
  • Olympus E-330
  • Olympus Zuizko Digital 14-54 1:2.8-3.5
  • Brennvidde14mm
  • Blenderf/8
  • Lukker25s
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriNattbilder
  • Lastet opp
  • Visninger363
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_298959} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Arne L.

Et heilt eventyr av et bilde! .... og eg har funne en ny fotograf å passe på.. fantastisk flotte serier.
Arne :-)
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu