Denne karen trefte vi på Shetland Mainland litt sør for Lunna. Utan tanke for korkje trafikk- eller rovfuglfare sprada han omkring i vegen og var sjef. Den sky, brunspragla høna han var saman med fann det tryggast å trekkje seg tilbake, og nekta plent å late seg fotografere. Eit par kilometer unna var der busetnad og ein hønsegard, så desse to hadde nok stukke av derifrå for å nyte ein fin shetlandsk sommardag i eige selskap ute på lyngheia.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_574484} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Vennlig hilsen.