Men blitzen hadde vi med...
Dette bilde frå 1987 er ikkje noko interessant fotografisk, men det knytter seg ein fornøyeleg fotohistorie til.
Sammen med ei veninne hadde me leita etter killingane ein heil dag i bratt mark på hisida av fjorden for Undredal. Me fann dei ikkje men derimot desse to geitene. På veg nedatt satte me oss fast slik at me måtte oppatt eit godt stykke for å finna vegen ned. Men natta kom på tidleg i byrgjinga av november og me måtte se oss etter ein plass for ein ufrivileg overnatting, utan mat eller sovepose.Me var ikkje lenger frå fjorden enn at me fekk vinka til min mann at me var i livet. Lia var svært bratt men me hadde lagt merke til ein liten flat flekk på veg ned der hjorten hadde lege. Der la me tynne kvister på bakken, la oss rygg mot rygg og held kvar si geit i armane for å halda varmen. Temperaturen var ned i 4 grader og natta var lang men me kom gjennom den utan men og me fann killingane på veg ned neste dag. Heile bygda var svært engsteleg for oss bortsett frå min man som beroliga dem med å seia:'' Det einaste ho saknar no er nok blitzen!'' Men der tok han feil: Her er beviset!
Utstyr
  • -
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriReise
  • Lastet opp
  • Visninger253
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_33845} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (3)
Jan B.

Artig bilde og fin historie. Godt at det gikk bra med dere.
Jan B
Arild S.

Artig historie du deler med oss. Bra du hadde blitzen. Uvanlige hendelser er de som 'sitter' i vår hukommelse - selv om de kan være strabasiøse når de står på.

Arild
Arild S.

Takk for historien og bildet.
Arild Støa
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu