Barberane i Ürgüp og metamorfosen
Eg nemnde desse ürgüpske frisørane i «profilen» min, og kanskje eg skal fortelje meir om dei, og legge ut eit litt større bilete slik at de også sjå kva for kjekke karar dei er?

Det hadde seg slik at eg reiste til Tyrkia iført om ikkje all, så mesteparten av av min svært mandige skjeggprydnad, og nok hår hadde eg til å drive eit nøkternt parykkmakeri ei veke, eller to. . . Men det er varmt i Tyrkia i august – og sjølv om eg sette pris på, men undra meg litt over, at mange av ungjentene eg møtte ovanfor Sultan Ahmet Çamii, neia så ærbødig og smile sine søtaste skulejentesmil til meg, så var det likevel ikkje fritt for at eg no og da smugkika inn i ein og annan barbersalong.
«Kanskje dei smiler fordi dei ikkje er vane med å sjå imamen vandre rundt i shorts?» Sa eg til ei medpassasjerarinne eg drøste med på ein tur til Bursa. «Imam?» sa ho, som hadde budd nokre år i Tyrkia og kjende landet meir enn eg gjorde, «Nei, da gløymer du at dei kjenner julenissen her og; ja, faktisk så er han tyrkisk» minna ho meg på. Og sanneleg har ho ikkje rett: Julenissen var eigentleg han biskop Niklas borte i Myra i Lykia. Sinterklaas, kalla nederlenderane han, og det namnet dreiv på ei fjøl over til England, og resten er eit mareritt for oss kvar einaste laaaaangadventstid og juuuuul.
Kva dette har med tre frisørar i Kapadokya å gjere? Vel, trur de ikkje på Julenissen de da?
Og eg er glad for at dei som no snur seg etter meg er monaleg eldre, og dei snur seg etter meg og ikkje han Klaus, lykiaren.
TENK!!
Bildet inngår i albumet Tyrkia -
Utstyr
  • Olympus E-330
  • Olympus Zuizko Digital 14-54 1:2.8-3.5
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriMennesker
  • Lastet opp
  • Visninger520
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_277345} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (0)
Vær den første til å glede fotografen med en kritikk på dette bildet!
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu