Velkommen Lukas, adjø kamera
No er det lenge sidan du var her!
Eg veit de, seier eg og ser vekk – det er slik eg plar gjere det når noko er for pinleg. Det er slik eg gjer med desse sportssendingane som herjar TV-apparatet til alle tide på døgnet – eg ser vekk, eg ser vekk – høyrer de? EG SER VEKK!! Eg vil ikkje vite av dette.
Eg skulle ønske at eg kunne sjå vekk frå det sørgjelege faktum at min eingang så kjære Coolpix har svikta meg igjen. Det ser ut som om zoomknappen på leiketøyet frå Nikon ikkje er meint å tole aktiv bruk. Nokre få tusen eksponeringar så er det slutt . . . No sender eg det ikkje til reparasjon meir, eg legg det stille til sides, for eg veit at eg sikkert får same beskjeden frå reparatøren denne gangen og. ''Det er jo brukt!'' - ''Ja, sjølvsagt er det brukt din, sin . . . '' og så skulle eg lært meg nokre skikkeleg stygge glosar, skulle eg ha gjort den gangen, men eg godtok motvillig og murrande at eit Nikon-kamera er til å sjå på, ikkje i. No har eg lært den leksa. Brukast skal ikkje eit Nikon-kamera av meg meir! For no er eg på jakt etter eit anna leiketøy.
Det kan gå lenge før eg kjem meg til kameras igjen, for blakk er eg, og dessutan klarer eg ikkje å bestemme meg for kva eg skal kjøpe for pengane eg ikkje har: Eg har lyst på speilrefleks sjølvsagt, men berre tanken på å skulle stappe eit firehundremillimeterobjektiv i bukselomma for å springe på fjellet? . . . . . . . Hadde ikkje dei unge damene som eg no og da treff på turane mine vore redd meg frå før, så vart dei vel alvorleg skræmde da, trur eg. . . «Jamen!» Kunne eg rope til dei, «Jamen! Det er da berre objektivet mitt – og dessutan har eg bada i Borgundfjorden!» Ville eg ha ropt til dei, og så ville eg lagt til, om dei ikkje las aviser da: «Borgundfjorden ser de, den er så full av flammehemmande kjemikaler at eg får ikkje tenning uansett!» Ville eg ropt etter dei, men da ville dei sikkert alt ha flykta langt til fjells og eg vore til forhøyr – om eg ikkje alt var lempa på Rosegolvet da. . . . . . Nei, eg veit ikkje om eg torer speilrefleks eg altså, eg er ikkje så modig av meg . . . .

Men modig det er den vesle krabaten på biletet. Han er etterfølgjaren til Mons, Mons som døydde frå oss av FIV veit de. Vi skulle ha sjekka han her og, Lukas heiter han forresten, men han vil bli sjekka når han skal reint rutinemessig innom dyrlækjaren for å konservere songstemma – hmm, . . det har eg no ikkje tenkt på: Det er liksom han driv eit konservatorium han der dyredoktoren.
Bildet inngår i albumet Samtaler med Sindbad og nabokatten -
Utstyr
  • Nikon Coolpix 4500
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriDyr
  • Lastet opp
  • Visninger277
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_178954} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Inger-Lise S.

Bra bilde, herlig tekst:-) Nå har jeg gapskrattet godt her, og det er ikke rette tida på døgnet for det...Får køye no og berolige stakkaren som vart vekt !

Natta fra Inger-Lise
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu