Laurdag midt i veka
Eigentleg skulle denne stakkaren ikkje vere til i det heile teke, han er av eit prøvekull som ikkje skulle få komme ut i verda. Men så ville forsynet at ei veninne av oppdrettaren gjerne skulle hatt seg ein katt og ikkje hadde råd til å kjøpe, . . . og da så. Etter ei tid kunne ikkje ho ha katten likevel, så ei veninne av veninna av veninna fekk han i hende - og selde han til oss som ekte og reinrasa siamesar. Men kva gjer vel det? Vi skrotar ikkje borna fordi dei er litt sjeløygde og - ja, litt albino er han og, det er visst difor at han er kronisk plaga
med betennelse i augene, han som eg, enda eg ikkje er albino. Denne gangen var det ikkje auge - og heller ikkje var han forsøkt flådd slik som han var førre gangen han var til dyrlekjaren - da etter eit ublidt møte med nabokatten. bilde nr. 107381 Nei, for denne gangen var det øyrevoks - og så mykje øyrevoks hadde dyret at han rista på seg blodøyre i forsøk på å få det ut.

Da vi henta han på ettermiddagen var han enda i ørska etter narkosen.
Vel heime tok eg han ut av buret og sette han ned. Å-ja, mang ein laurdagskveld har eg sjølv hatt vanskar med bein som stokka seg - og eg har berre to av dei, så eg følte med han der han i eit anfall av overmot tok sats og skulle hoppe opp på ein kjøkkenstol, . . . men den var blitt så uendeleg mykje
høgre no - og katten datt i handlenettet med bakenden først, kava seg ut mellom fiskekaker, druer og spagetti, sjangla over golvet og ville kvesse klørne, men nei - den trygge kloreplata var hamna litt sides for der han meinte den burde vere. Og på vaklande baklabbar stod han ei stund lent mot ein uhyre glatt vegg - før han deiste rett mot søppelbøtta med eit skrall.
Etter det har han stort sett satsa på å sove ut rusen.

Hadde kattar oppnådd frikort, så kunne den karen der lagt kabal med sine no - og det berre for dette året.
Bildet inngår i albumet Samtaler med Sindbad og nabokatten -
Utstyr
  • Nikon Coolpix 4500
  • -
  • Blender-
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriDyr
  • Lastet opp
  • Visninger340
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_164737} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (1)
Kristel S.

Hei.
Jeg må innrømme at jeg ble mer fengslet av fortellingen din enn bildet, men det har med meg og gjøre, og ikke bildet. Jeg har svært liten erfaring med bilder av dyr. (men noe rart er det med kvaliteten, er det fargene som er vridde?)
I alle fall, jeg ville bare si at det var en godt skrevet koselig og morsom historie, veldig kjekt å lese den. Du gir på den måten den avbildede katten personlighet :)
Mvh Kristel.
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu