Mange fiskefartøy ble i helga observert i nordgående retning på Harøyfjorden. Kan tyde på at det er sildefiske som lokker. Skal være gode forekomster ute på Buagrunnen nå. Her er det SF-246-A "M/S Hillersøy" i fint driv mot feltet.
Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusen-tal fiskarar strekkjer sin veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut
den fiskande gut.
Vår kurs er nordvest.
Ja, det er den stemna som me likar best.
Når solgylte skyer i havbrynet brenn
og lovar i morgon ein soldag igjen,
då er det vel hugnad å fara der ut
for fiskande gut.
Om livet ombord,
kvar finn du vel friare yrkje på jord.
Her havet ligg sullande, rullande, vidt,
her kan ingen herremann sei: Det er mitt!
Og arbeid og strev gjeng so leikande lett,
trass slinger og skvett.
Men solfarga sky
kan og verte uver og valde oss bry.
Tidt hardver og brotsjø den ber i sitt fang,
og båten fær slik ein hivande gang,
då gjeld det å berga sitt bruk og sin båt
om trøya vert våt.
I stormjaga ver
me søkjer mot kysten med fallgard og skjer.
Om farleia grunnbryt, snu baugen mot hav,
du elles vil finna ei glupande grav.
Då tonar i hugen ein trøystande song:
Det stilnar ein gong.
Vår heim er ei hamn,
dit havherja skuta vil venda sin stamn.
To augo, to armar, eit hjarta som slær,
det beste av alt me på jorda hev kjær.
Om fengda er lita, om fengda er svær,
velkomne me er.
På nytt dreg me ut,
kan ofte ei venta til stormen er slutt.
Om alle dei store oss reknar for små,
me elskar vårt yrkje på havbåra blå.
Og yrkje det driv me so trutt som me kan
for heim og for land.
Men lengere ut
og vidare fram skal den fiskande gut.
Og alle som sliter og fiskje hev kjær
må med i vår byggjande fiskarlagsher.
Titusental støvlar som trampar i takt,
gjev vyrdnad og makt.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1101494} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.